Truls snubla ut bakdøra. Han hadde ikkje tid til å fortelje dama han dansa med kva som hende, han måtte berre springe. Han kjende at det brakk seg i halsen, han måtte svelgje hardt to gonger for å ikkje spy utover heile dansegolvet.
Vel ute i bakgården sprang han til nærmaste søppelkasse. Det var godt å få tømd seg.
Han tenkjer; «Eg får gå inn å sjå om Inda ventar på meg..». På veg inn ser han ein livlaus skikkelse som ligg halvveis gjømd bak den eine søppelkassa. Han tek eit skritt nærmare, noko han sikkert ikkje ville gjort i normal sinnstilstand. Truls ser at det er ein mann, og at mannen ligg i ein stor dam av blod. Halsen hans er rive over.
Han grip til telefonen og ringjer politiet. Ordane ramlar ut av munnen, de gir ikkje noko meining. Men politiet skjønnar situasjonen og seier at dei kjem med ein gong. Truls får beskjed om at han ikkje må gå sin veg, men vente på politiet der han er. Han blir ståande å studere den livlause kroppen. «Er ikkje det den kjende vulkanforskaren Kristinn Erlingsson? Han har vore på nyheitsmeldingane den siste veka, etter det siste utbrotet til Eyjafjallajøkull. Det er han som har sagt at vulkanen ikkje skulle hatt noko utbrot nett no. Men kvifor har nokon drepe han?
Jenny Porkatla kjem til åstaden. Teknikarane gjorde sine undersøkingar i natt, liket er fjerna og den førebels rapporten fortel at den kjende vulkanforskaren verkeleg var blitt drepen av ein hund. Fotspora rundt liket og bittet fortalde at det var gjort av ein pitbull. Ho ville berre se kor han hadde dødd, før ho skulle starte avhøra. Vel tilbake på politihuset snakka Jenny først med Vigdis Odinsdottir, ein forskarkollega av den døde. Det Vigdis fortalde var at Kristinn var livredd for hundar og at han aldri heilt friveleg ville vært nær ein pitbull. Ho fortalde også at Kristinn den siste veka hadde ringt statsministaren fleire gonger for å seie at han kunne hjelpe til med undersøkingane av vulkanubrotet, som alle visste han meinte var menneskeskapt. I tillegg hadde ho høyrd ein telefonsamtale seint kvelden før som Kristinn avslutta med å nærmast rope; «Trur du, Herr statsminister, at eg lar meg trua med den bølla Espen Lie?»
Det var at ikkje mange ord ho fekk ut av Espen Lie. Ho var på veg til å gi opp da ein kollege stakk hode inn. «Eg må si deg noko» sa han. «Mannen har passbilete av ein pitbull i lommeboka si!» Jenny smilte. Ho så på Espen og sa; «Du fortalde ikkje at du hadde ein hund. Fortel!» Han bryt saman og hulkar fram; «Ikkje ta fra meg Gullebassen. Han betyr alt for meg! Det var ikkje min idé å bruke hunden mot den gale forskaren. Det var statsministaren som krevde at eg skulle bruke Gullebassen fordi forskaren var så redd hundar». Det var inga tvil. Jenny måtte avhøyre statsministaren.
Etter at ein heil rad med svarte limosinar hadde kome til politihuset med statsministaren blei stilheiten på avhøyrsrommet ekstra stor. Etter fem minut med total stillheit, seier Jenny;«Eg veit alt saman. Vi har sjekka telefonsamtalane til Kristinn Erlingsson, og vi veit at han snakka med deg seint i går kveld. Vi har eit godt vitne på at du trua han. Kva var det han hadde finni ut om Eyjafjallajøkull som gjorde deg så redd? Er teorien han har beskrive i rapporten som låg i veska rett? Har nokon satt igang vulkanen for å skape kaos i heile Nord-Europa? Og kan det vere deg som har gjort dette for å hevne deg for at Europa ikkje vil hjelpe Island med gjelda?» Statsministaren satt heilt stille og berre såg ut i lufta. Jenny tenkte for seg sjølv; «Vel er saka løyst, men kva dette betyr for landet mitt kan berre framtida vise».
Teksten er skolestil skrevet av Ragne, 15 år.
Modeller: Kristian, Malene, Ragne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar